|
ELEVANE Skulen har aukande elevtal. August 09 hadde vi 430 elevar, no 433, og prognose for august 10 er 448 elevar. Foreldre som skal skriva barn inn i 1. klasse, får brev frå skulen i veke 8. ELEVANE
Skulen har aukande elevtal. August 09 hadde vi 430 elevar, no 433, og prognose for august 10 er 448 elevar. Foreldre som skal skriva barn inn i 1. klasse, får brev frå skulen i veke 8. I brevet vil vi gjera kjent program for foreldremøte og førskuledagar. Elevtalet i 1. klasse er i dag 57 elevar.
EKSTERN VURDERING
Denne våren gjennomfører Midthordland kompetanseregion vurdering på Nore Neset skule. Vurderingstemaet er ”Klasseleiing for læring”. Hovudarbeidet føregår i veke 11, men gruppa har alt vore på sitt første møte med skulen. FAU vert invitert til møte med gruppa måndag kveld i veke 11 og FAU –leiar vert invitert til framlegging av rapport torsdag ettermiddag i same veka. De finn meir informasjon om eksternvurdering på www.midthordland.skule-bhg.no
STUDENTAR
Skulen har for tida fleire grupper med studentar frå Høgskulen i Bergen. Dei er fordelt på ulike fag: Engelsk, Mat og Helse, Rle og Tilpassa opplæring. Øvingslærarar for tida er Linda, Silje og Kristin.
FAU
FAU har sett opp følgjande møteplan:
Samarbeidsutvalet har møte: 08. februar, 26. april og 07. juni.
Drift 09, budsjett 10 og lærebøker.
Administrasjonen vil gje munnleg informasjon om avslutta drift og budsjett for 2010.
Aktivitet framover.
Det vert vist til heimesida : www.noreneset.no
”Mijløprosjekt” for skulen.
Rektor tek sikte på å leggja fram notat som vedrører fysisk miljøsituasjon og romsituasjon på skulen.
Nore Neset skule, 2010-02-08
Atle Skaar
rektor |
||